Side:Tolstoi-boki.djvu/115

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

deg? Dei vil sakna deg. Der kjem systeri. Lat no han faa dei; han veit nok kva han skal. Aa du er eit toskehovud er du!

Anisja. (uviss). Aa eg arme menneskje!

Nikita. Kom so med dei. Eg skal nok gjøyma dei.

Anisja. Men kvar vil du gjøyma dei?

Nikita (lær). Du er daa vel ikkje rædd?

(Akulina kjem med vasketyet).

Anisja. Aa mitt arme ting! (gjev Nikita pengarne). Pass no paa, Nikita!

Nikita. Kva er du rædd for? Eg skal gjøyma dei so væl, at fanden sjølv skal ikkje firma dei. (gjeng).

Anisja. Aa, um han no ....

Matrøna. Er han no klar?

Anisja. Eg trur det. Eg tok pengarne, og han merka ingen ting.

Matrøna. Gakk so inn til han. Akulina er her.

Anisja. No hev eg den syndi med paa meg! men kva gjer han so med pengarne?

Matrøna. Hald no upp med det. Skund deg berre inn; der kjem Martha.

Anisja. Ja ja, eg leit paa han denne gongen; no fær me sjaa... (gjeng inn i huset).

Martha, (kjem inn paa tunet. Til Akulina). Eg hadde kome fyrr, um ikkje dotter mi hadde sendt bod etter meg. Kor stend det so til? Vil han til aa fara herifraa?