Side:Tolstoi-boki.djvu/113

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

døtrar, lat oss seia, ei med den fyrste kona og ei med den siste. Set no at denne same bonden døyr; kan so ein framand bonde gifta seg med enkja og taka garden soleis, at han hev rett til aa verta ved garden naar han gifter døtrerne burt? — «Ja,» seier han, «det kan nok lata seg gjera naar ein tek det paa rette maaten, og ein ikkje sparer paa pengarne; men utan pengar,» seier han, «er det ikkje aa kaga paa.»

Nikita (lær). Nei, det er visst nok! Slike skal ha pengar for kvart skrev dei tek. Alle treng me pengar.

Matrøna. No, far, eg sa han daa so som det er. «Fyrst og fremst,» seier han, «maa sonen din skriva seg inn i den landsbyen, og det kostar pengar,» seier han, «for du veit nok,» seier han, «at dei eldste maa ha noko aa drikka naar dei skriv under. Alting,» seier han, «maa gjerast med forstand.» Her skal du sjaa (tek eit papir fram or eit plagg). Les no kva han hev skrive. Eg veit, du forstend deg paa dei ting.

Nikita. Dette er greidt nok. Det er berre eit brev paa at eg hev lov til aa lata meg flutta, Der er ingi bein i det.

Matrøna. Nei, men høyr no vidare kor han hev fyreskrive oss kor me skal bera oss aat. «Framfor alt, mor,» seier han, «maa kona gjæta paa at pengarne ikkje gjeng henne av hand. Fær ho ikkje tak i pengarne,» seier han, «fær ho helder ikkje lov til aa taka ein mann paa garden. Pen-