Hopp til innhold

Side:Symra (1863).djvu/42

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
23. Livet.
(Tone av Draumkvædet. El. Hava me gløymt vaare gamle Stev.)

 1. Heimen er baade vond og god;
det skifter med Sut og Gaman,
Hæv er den, som med same Mod
kann taka mot alt tilsaman.

 2. Vegen ligger so ymist til
med Staup og store Krokar,
Ein kjemer der, som ein inkje vil,
og fram i mange Flokar.

 3. Sveinen stemner i Vegen radt
med stora Voner i Varmen;
han møter ymist ein Bakke bratt,
han møter stundom Harmen.

 4. Um ein Stund han fær ein Stur;
det hever sit gamle Gjenge:
Gleda gløymest, fyrr du trur,
men Sorgerna sitja lenge.

 5. Kjem han sturen i Verdi ut.
so fær han liten Fagnad;