Hopp til innhold

Side:Symra (1863).djvu/43

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ho snur seg burt ifraa all Sut;
so klagar han paa sin Lagnad.

 6. Han lastar Verdi, som er so snar
fraa Sorg til Leik at venda.
Han gløymer lett, at det same var
hans eigen Hug, kann henda.

 7. Strenge Dagar maa koma paa,
men etter koma dei milde.
Den største Hugnad me stundom faa,
der minst me vona vilde.

 8. Lauvet fell um Hausten av,
um Vaaren atter det spretter.
Dauden herjar um Land og Hav,
men Livet kjem altid etter.

 9. Stormen sopar i Skogom hardt,
so Tre og Kvister brotna;
men grøne Kvister vil renna snart
av Rotom til deim, som rotna.

 10. Kjært er Livet med all sin Harm;
det klaarnar, alt som det gjenger.