Hopp til innhold

Side:Symra (1863).djvu/41

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

og reder um det i kvar ei Kraa.
So døyr det av med alt sitt Kav,
og Gløymska vinner paa Minnet.

 3. Ein Diktar seter ei Bok i Hop,
som store Skifte skal gjera;
han skal no koma i slikt eit Rop,
at aldri gløymd han kann vera.
Men Minnet varer eit Aar og tvau;
det varer knapt inntil seks og sjau;
til tjugo Aar det aldri naar;
for Gløymska vinner paa Minnet.

 4. Um kjærleg Hug var det stundom sagt
han aldri skulde faa Ende;
og endaa gjekk det no sidan skakt,
so Hug til Vanhug seg vende.
Men endaa trur eg no helst uppaa,
at Elsken vara til Enden maa.
Der vil eg snu og inkje tru,
at Gløymska vinner paa Minnet.