Hopp til innhold

Side:Symra (1863).djvu/40

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Stor Fagnad er sjelden lang;
stor Sorg med Tidi linkar.
D’er myket, som læst vera traust,
og endaa so stender det laust;
og naar so ein Støyt kjemer paa,
so brotnar det av som Straa.

23. Gløymska.


(Tone: Det staar et Træ i min Faders Gaard.)

 1. Det gløymest allting med Tidi av;
rundt um oss Gløymingi lurer.
Ein Mann or Huset fer til si Grav,
og Huset syrgjer og sturer;
men um ei Stund i det same Hus
er Leik og Gaman og Staak og Sus.
All Sorg og Sut er sopad ut,
og Gløymska vinner paa Minnet.

 2. Det vaknar stundom ein ofsa Strid
han gjeng med ymise Vende;
dei rosa Vinningen kvar si Rid,
so ingen ser nokon Ende.
Og Hopen bisnar og lyder paa