Hopp til innhold

Side:Symra (1863).djvu/39

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

som fyrr det hever henget.
Dei tru, det skal ganga so fort
alt fram til nokot stort.
Men so tidt nokot stort er naatt,
so kjem det stødt nokot smaatt.

 2. Av Rikdom det eingong var fullt
i desse Land og mange;
men so kom det Armod og Svult,
og nakne Kroppar og svange.
No er Rikdomen komen paa nytt,
so det singlar høgt og lydt.
Men eg tykjer, han gjenger so fort,
at det snart maa koma Skort.

 3. Og med Viisdom var det so gildt
ein Gong i gamla Tider;
men sjaa til, um han inkje gjekk spillt
og Daarskapen vann um sider.
No er Klokskapen komen so sterk,
at han skjemmer ut alle Verk.
Og naar Viisdomen so er for stor,
so kjemer vel Daarskap i Flor.

 4. Det er no den gamle Gang
at allting veks og minkar.