Hopp til innhold

Side:Symra (1863).djvu/38

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


 5. Vilde eg ut paa Friar-Veg.
so var ikkje mangt i Vegen,
Verfader kom og møtte meg
og var baade blid og fegen.
Ja, daa fekk eg den, eg vilde,
og alle Folk var snilde.
Kven skulde inkje hava Hug
til Gjestabod og Gilde?

 6. Ein Ting er eg nokot rædd:
Det fanst vel endaa Lyte,
Den som i berre Sylv er klædd,
han vil hava Gull til Byte.
D’er ein Ting til at fæla
midt i den meste Kjæla:
en um eg leiddest av alt i Hop,
so var det til liti Sæla.

21. Att og fram.


(Tone: Je teente paa Kjølstad i Fjor.)

 1. Det gjeng no so att og fram,
som fyrr det hever gjenget;
det heng millom Æra og Skam.