Side:Symra (1863).djvu/30

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Du ser, at Urett jamt er gjord,
og Lygner laupa sud og nord.
Kvat skal em Stakar segja?
Det bryr seg ingen um hans Ord;
di kann han gjerna tegja.

 4. Men Verdi gjeng no att og fram;
det maa me alltid læra:
det, som i Fjor var Last og Skam
det kom i Aar til Æra.
Naar Leiken gjeng i beste Lag,
so kjem det helst eit Atterslag.
Det kann so myket heppa.
Det endaa koma kann den Dag,
daa Retten fram kann sleppa.

17. Fals og Fusk.

 1. Med Fals og Fusk er Verdi full,
og mangt eit Korn læst vera Gull;
men naar ein ser det nærre.
so var det verdt eit mindre Rop: