Side:Symra (1863).djvu/31

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
31

d’er berre Graastein alt i Hop,
og stundom nokot verre.

 2. Um Framgang er noket my rødt,
alt nytt skal vera Framgang stødt,
men naar ein ser det nærre,
so gjeng det ymist att og fram:
det eine fær en fegre Ham,
det andre verder verre.

 3. Av Fridom skrøyter mangein Mann,
og fagre Ord han tala kann,
men naar det kjemer nærre,
so vil han liten Fridom sjaa,
og kann han Vald i Grendom faa,
han verd ein strenger Herre.

 4. Um Landsens gamle Sed og Viis
dei tala tidt med myken Priis,
men naar det kjemer nærre,
naar sjølv dei gamall Sed faa sjaa,
so kvekka dei og roma fraa,
som ingen Ting var verre.

 5. Av Vit og Kunnskap, ser ein tidt,
at Folk vil skrøyta stort og vidt,