Denne siden er korrekturlest
1. Det gjeng paa berre Tap og Tjon,
som tidt det hever gjenget;
me hava havt so mangei Von
og liten Fagnad fenget.
Det er no stundom so at sjaa,
som ingen Rett var meir at faa.
Kvat skal ein Stakar kveda?
D’er tie Ting at harmast paa
og ingen Ting til Gleda.
2. Ja, naar du ser, kor Folket fer,
so maa du ofta fæla;
den verste Narreskap, som er,
er deira største Sæla;
og det, som alltid dugde best,
er stundom det, dei, hata mest.
Kvat skal ein Stakar tenkja?
Han er so van at vera lesst
av Ting, som Hugen krenkja.
3. No var det best at snu seg fraa
og lata Verdi dassa.
All Daarskap, som du stødt fær sjaa.
var aldri verdt at andsa.