Side:Symra (1863).djvu/18

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
10. Von og Minne.
(Tone som „Den sidste Rose“.)

 1. Von og Minne fara vida,
kvar sin Veg dei sviva um.
Attast er den ljose Sida;
fremst er Vegen myrk og skum.
Fram i Myrkret Voni vender,
uviss um si rette Leid;
att i Ljoset Minnet stender,
der er Vegen kjend og greid.

 2. Att paa Vegen Mannen kagar,
ofta sturen, stundom glad.
Spillte Stræv og spillte Dagar
ser han der paa mangein Stad,
Annan Veg det hever gjenget,
en som sjølv han vilde spaa;
ymse Ting han hever fenget,
som han aldri tenkte paa.

 3. Store Støytar skjekkja Heimen;
gamla Voner stupa ned.
Mannen trengjest med i Sveimen
att og fram forutan Fred.
Førd i Ring av stride Straumar