Hopp til innhold

Side:Symra (1863).djvu/17

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
9. Hugen.
(Tone: Kjerringa med Staven)

  1. Hugen fer so vida
   millom Von og Kvida.
Myket kjemer til, som ingen hadde spaatt,
myket kjemer stort og verder sidan smaatt.
   Hugen fer so vida.

  2. Hugen fer som Daaren,
   drøymer stødt um Faaren.
Fram i Vegen trur eg, er ein Bakke bratt;
naar eg kjemer der, so er det berre flatt.
   Hugen fer so vida.

  3. Hugen fer som Draumen
   att og fram i Straumen.
Fram i Vegen vist eg ventar meg en Skatt;
naar eg kjemer der, so er han burte radt,
   Hugen fer so vida.

  4. Hugen fylgjer Tidom.
   trøyttest ut av Stridom.
Naar eg ser, eg inkje Huset større fær,
gjerer eg meg nøgder med det, som det er.
   Hugen fer so vida.