Hopp til innhold

Side:Symra (1863).djvu/16

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


 3. Snart er den ljose Bjørki snaud;
snart faa me sjaa det sidste Lauvet losna.
Hagen er tom, og Engi aud,
Røterna standa i Jordi frosna.
Men yver Jordi, aud og tom,
ligger det Fræ til Gras og Blom.

 4. Vetteren kjemer kald og streng;
sæl er no den, som kann i Husom hyggjast
Gleda flyr ifraa Mark og Eng,
Fuglarne burt or Bygd om styggjass,
men sine Reid ifraa sidste Vaar
vitja dei vist et annat Aar.

 5. Endaa me vilja paa Landet sjaa,
helst naar me faa ein liten Glytt av Soli,
Eingong me fegre Dagar faa,
helst naar det glider fram um Joli.
Og etter all den lange Kvild
kjemer vel Vaaren, ljos og mild.