Side:Symra (1863).djvu/15

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


 5. Kom, lat oss nøyta Tidi, som ho skrider,
og minnast, at ho skrider ofsa fort.
Med kvar ein Dag, med kvar ein Kveld, som lider,
eit Stig mot myrke Vetteren er gjort.
Det kjem ein Dag, daa kvar ein Blom, som bider,
er fallen av; og slikt eit Fall er stort.
Di skal eg sjaa paa Blomen, fyrr han blaknar,
og nsyta Sumar’n, fyrr eg honom saknar.

8. Hausvisa.

 1. Sumaren kverv og snur seg burt;
Dag etter Dag han ut or Synom siger.
Graset vil verda styrdt og turt.
Ljoset vil minka; Myrkret stiger.
Dagen er stutt, og Natti lang;
so er no Aarsens gamle Gang.

 2. Lysande gult er Lauvet litt.
Heppelegt Liv, som fær so fager Daude!
Skogen er troytt av Plagget sitt;
ymise Toppar standa snaude.
Losnat av Kvistom eitt og eitt
ligg yver Jordi Lauvet breidt.