Side:Symra (1863).djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Dei stille Votni standa blaa som Brunnar,
og Fossar syna seg i kvite Drag.
Det myrkjer i dei tette Holt og Runnar;
det ljoskar i dei blakke Bygdalag,
Den ljose Himmel speglar seg i Sjoen
og blikar mildt i Doggi yver Moen.

 3. Her glytter Ljos igjenom tusund Gluggar
imillom Lauvet i den tette Lund.
Inn under Bjørkom standa ljose Skuggar
rett som ein Flekk um Roti, lett og rund.
Det gustar ingen Vind, som Toppen ruggar,
i denne kvildarrike Nattarstund.
Den snøgge Fuglen kurer, trøytt av Dagen,
og rosutt Fivreld’ roar seg i Hagen.

 4. Den sidste Sol-Blenk er i Havet sokken,
den fyrste kjem snart or den laage Grop;
ein Dag er tendrad, fyrr en hin er flokken,
og Kveld og Morgon renna heilt i Hop.
Snart vaknar upp den kvilde Fuglaflokken
og helsar Morgonen med Glede-Rop.
So riser Soli til den lange Svingen
og set ein annan Lit paa heile Kringen.