Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/92

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
84

Kara, men me gjingo sløngo i Skulen Dag ette Dag o stava o la ihop att. Tøllknivadn vaare brukte me te Bokepinna. So sa Skulemeistaren dæ ve uss, at me daa kji maatte skjera isund Bøkadn vaare. „Dæ æ best du agta de, elldaa ska du saa smaka dei du ogso!“ svara me. Dæ va rart han kji hædnedrog uss før detta; men han hadde prøvt dæ; han visste dæ munte kji. So dæ lei paa daa, so sa han Far, e skulde te møte hjaa Preste. E skvatt so e kolna all igjøno, daa e høyrde detta; e visste mæ me sjøl, e kunna kji dæ fyste Bude i Kakjismun, o lesa inni hadde e kji stort meir Greie paa en Purka paa Salt. Dæ ellevte Bude kunna e, o dæ kunna e skjele væl ogso; men dei vilde ha dæ te di, dei so skjønte noko, at Presten alder sporde ette di. E le dæ skure e; e visste dæ va fleire flekkute Bikkjo en Prestbikkja. Den Dagen, dæ, vart Innpaatak, møtte e fram. Men den Ti Presten hadde overhøyrt uss lite vætta, vart han so drennande sint, at han jaga paa Døre ei heil Horg taa uss o sa, me skulde kji faa koma atte, før me hadde lært meir. So sette dæ se noko her o noko der ikringo Garden ute o te o ule aa graate, skjele so dæ skulde munt. Engon gjordist no væl paa dæ ogso. E o ei Par are Guta klauv aav uppi ein stor Briskehaug, so laag trast nordai Drengjistogun, o søto der o skrasla o log aat ’sa Østetrillo, so trøsta se ve Graaten. Lite um Sende flokka dæ se fleire uppi Briskehaugen, so dæ vart ein heil Raig taa uss. Der søto me huska uss paa Briskekrunglo so Fugladn i Jolebande. Ress so dæ va, toko me te kvea o syngje o huge o illskrikje. Daa dæ va gjort, gjingo me heimatt. E kom kji att heile Veten, o inkji gjekk e i Skulun heldan. E tytte nokk dæ va