Hopp til innhold

Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/74

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
Tenistgjenta.

Ei Gjente or Ettendale va utpaa Bygdo o tente. Ho va berre ei Husmannsdøtte, men ho va ei nett o naasin Gjente, friskdæmd o rundlagd, mæ djupa Smiledekka i Kjako, raulett o vakker so ei Soleie. So oversle gøtt hadde ho dæ, der ho tente, at dæ va ingjin Maate paa di. Endaa ho va berre ei Tenistgjente, levde ho skjele so ei Prestfrue te kor Dag. Ein heil Pøtt mæ Søtrjumme laut ho drikke paa Sengen o Mednadn, o ner ho sto upp, fekk ho dei allebeste Rettidn, so kunna upptenkjast. Dæ ha no væl alder vøre Tenistgjente, so ha hatt dæ bere en ho, veit e, før dæ æ ganske klent i Køste utpaa Storbygde, høyre e, dei segja, dei so ha vøre der. Gjenta seitna te kor Dag o vart endaa meir friskdæmd o endaa meir rundlagd undaa raulettar, en ho va før ogso. Daa detta hadde vara ei Ri, to Mann te tøma ho ikring Halsen o vilde kjenne, ko tjukk ho va vørti umkring Live o vilde jamt o samt faa sjaa Leggjidn hennar. Han vilde kjenne ette, um ho hadde taki se o va vørti bra feit, sa han. Ho le se lie mæ detta ho o to da upp berre før Spøk taa Manne.

Ein Dag vart ho sett te vaske upp ei Tynne, men dæ skulde gjevast so før mykji væl, at dæ va ingjin Maate paa di. Ho trudde kji, ho ha faatt Tynna reine nokk. O Kvelden ho va nie Fjøse mjølka, kom dæ nie te henne ein liten Gjenteomage, Døtte aat Manne o ga se i Tale mæ henne, so so ho jamble hadde gjort før ogso, taadi Gjentungen likte Tenistgjenta. Daa sat ho tralla o song aat Kjyro o va lett o gla taa se. „E synist so Synd i