Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/71

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
63


ko Kjaft han hadde, før han fekk utretta mest alt, han skulde; han visste sakte, ko so sto i Brevo han, før han hadde skreve dei sjøl, o Kungen trudde hono paa hass Ord; han o mange taa Øfsero hass gøvo hono mykji Peinga o anna, so Kumdersjersanten va mykji rikare, daa han foor heimatt, en daa han reiste burt.


Han Hallvard ve Lykkja.


Før um Lag hundre Aar sta va dæ ein Mann i vore Bygd, eitte Hallvard; han va uppalin i Lykkjun, o taa di kalla dei han Hallvard ve Lykkja. ’Na Hallvarden va so frisk, at han va namgjetin over sjau Prestegjeld. Dæ gjekk den Seigdne, at Mor hass hadde gjeve ho Bikkjemjølk mæ di sama, han va tekomin. Han hadde ein Bror, eitte Ola, han va so sterk o magtige, at han dro dei Løsse, so ein Øyk ikji va go fere dra. „Gu’ glea ho Mor, so ga me fyste Drykken!“ va rae Ordtøkji hass; dei meinte dæ sumble, at Mor hass hadde gjeve ho Maramjølk, ve han va liten. – Ei Gong laag dæ noko Valdrisa austa Vingstre o fiska. Der bar dæ so te, at dei komo i Basketak mæ Gudbrandsdølo um Fiskehole. Karadn røko ihop o slogost i mange Dage. Den Ti dei saago, at dæ inkji va noko o gjeva imyljo paa dei, o at dæ inkje vart arleise, vørto dei einse um dæ, at dei skull ta Hyven heimatt ette ei taa glupaste Kjempo or kor Bygd. Valdrisadn føngo mæ se han Ola ve Lykkja, o Gudbrandsdølidn føngo att mæ se eit Revbeist so illhærvele stert, so høg so ei skjikkele Grøn o so brei, so ei