Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/49

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
41

overse fint Sel o eit stort Fjøs, o heile Trøne va full me brønduta Køllo; men noko taa dei vøro kvita i Huvue o kjeppdragne ette Sio. Ein Ukse gjekk dæ der so omogele stor, at han va jammhøg mæ Sele. No vart Skøtgrinde uppleti, o ut kom de ei Gjente, ho va raulett o nett o ven i alle Maata, o ho va klædde so anna Følk, so ner so ho hadde eit fælt Massingbelte ikringo Live; dæ va so rart gjort, at ho Marit inkji kunna førtelja, kost dæ va, o noko Busaltstuta hekk dæ i di, so va lite vætta store. Dæ va ovant o faa gjilde Stuta, ner dei hadde so glupe Uksa. Ve vingstre Sia hekk dæ ein Bønding Spetudn o Bøndingskroken blenkte o gleim, so dei skull vore taa Sylv. I Hønden hadde ho eit makalaust fint Prillahødn. Haugagjenta ga fyst Bjøllkjyren Busalt, o so gjekk ho i Ferevegen o to te prille sine Laatta paa Hødne o hulle o kvea. Kjyradn komo etterekjand, so dei skulde vøre trædde paa ein Traa; ette Kjyro komo Gjeitadn, o allesist kom Storuksin. Ho Marit hugste alle Visudn, so Haugagjenta kvo; men e ha gløymt dei, so ner so dene vesle Stubben:

Stakkara Gjeitadn mene
Sko aat Lio o bite;
Fere gaar ho Kvite,
Tonge o Tila,
Brødninge o Mila,
Rose o Dokke,
Danemark o Sokke,
Frigjeit o Frogne,
Men allaste finaste Gjeite mi
So æ de ho Bleike.