Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/33

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
25

Jødnstaange; me vilje prøve Magte vor!“ sa Trølle daa. Ja Guten va reiog, um dæ so ha vøre i sama Rappe.

Um Morgo’n to dei te kaste; men der va Jødnstaange so tunge, at Guten va kji go fere rega ho eigong. So skulde Trølle ha fyste Kaste „Æ du go før kaste ho so høgt du? sa dæ.

„O detta æ kji noko dæ!“ svara Øskefoten. So kasta Trølle ei Gong te. „Æ du go før kaste ho so høgt daa?“

„Detta va heldan inkji noko“, sa hin.

„Kaste no du daa!“ sa Trølle.

„Ja kasta e, ska du sjaa dæ ska røsja baade Sol o Maane over de!“ sa Guten.

„Ja æ du sleke Kar, lyt du heldan sleppe kaste daa!“ O dæmæ kom Guten væl ifraa desse ogso.

No to Trølle te tala um ko mykji Guten skulde ha før han hadde tent hono so trutt. „E ska gjeva de so mykji Syllpeing, so du æ go før bera“, sa dæ.

„O nei, du har kji so myin Peing, so e æ go før bera du!“ sa Guten, „men e ska la me nøie mæ dæ, so du æ go før bera heim aat Uggardo.

Detta gjekk Trølle inn paa. Den Ti dei daa komo dit, sa Guten, at Trølle skulde fulgje heim, „so ska du faa sjaa ellste Bror min“, sa han, „dæ ska du sjaa æ ein bra Rugge dæ, dæ æ store Trummeslagaren vønn dæ“.

„Dæ æ væl han, so slo aav eine Laarbeine i me um Trummekølvo si daa?“ sa Trølle.

„Ja dæ va nokk alti so, dei vilde ha dæ“, sa Guten. Daa vart Trølle ohuga te vera mæ heim. Sia va kji e mæ dei lenger, men dæ veit e, at Guten bar i fire Fjurtadaga, før han fekk heim alle Peingadn sene.