Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/27

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
19


men te gjildare han fekk dæ, te gjildare vilde han ha dæ. So kom han paa dæ ei Gong, at han vilde gjera Gjestebo før Kungens nemmaste Raa; ner han fysta va vørtin kjend mæ hono, kom han trast i Kjennskap me sjølve Kunga ogso. Kungen tytte no alti dæ, at han kji maadde i Von si nemmaste o beste Raa, men ga hono lell Løv te fara te dei Gjæstebøe o vera burte i nokre Daga. O ja, han reiste, o Stalldrengen to han mæ te Skjussgut. – Daa dei vøro komne mest fram, sa han dæ, Kungens Raae, te Skjussgute: „No ska kji du svalle stort i Kveld da; du ska prøve faa sett de før de sjøl burti ei Ron o teikne upp dæ, so e o Børgaren koma te prate mæ inan um.

O jau, detta va gøtt o væl! Dei rokko fram um Kvelden o vørto greskt imottakne, so ventande va, ner Kungens høgste Raa va ute o ferdast. Dæ vart sakte ikji spara paa fin Mat o gøtt Drikke, so dæ kji to lang Heto, før Børgaren o Kungsraae vørte baade morosamne o svøllogne. „Men sei me no eit, kost fekk daa du din store Meddel i Verd’n, min Børgar“, sa Kungsraae, „fortel me dæ!“ Ja hin va trast viljog te di o sa taa, kost de hadde gange te ifraa fysste Upptake, atte dæ han o Grannin hass hadde vøre ute seilt, o ko han hadde løvt ut, est han skulde faa laust atte Skjepe sitt. „Dæ fekk han ogso“, sa han, „o gjifta se sia mæ ei Fatigjente, so gjekk innpaa Fjøren sanka Skuresand. „Ja, men kost fekk daa du din Meddel i Verd’n“, sa Kungsraae, „førtel, førtel!“ Ja hin va viljog o lo o tala um Vaagilse deiris, „men ho va tru mæ, den Skarvefilla“, sa han, „før ho slo sund ei Ølkrus i Huvue paa me, daa e kom o froga henne ette dei greske Gullkje’e