Hopp til innhold

Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/26

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
18


vart dømd te lise Live, taa di dæ vart upptake fere dæ, at hona havde vøre otru imot Husbone seno, o ein Mann skulde ta hona mæ se inni i ein murk Skog o drepa hona o ta att mæ se Haarfletta o bæi Brjøste hennar, so kor o ein kunna sjaa, han hadde gjort dæ, so paa hono va lagt.

Men ho hadde rae vøre snill o gjemeinsle baade mot høg o laag, difør va ho taahaldi, o alle syntist dei Synd i henne. Den, so skulde drepa ho, kløktist ogso over ho; dæ va kji Raa, han va go fere drepa eit so ungt o snilt Miniskji; men han va livrædd, o han visste, at han laut lise sitt eie Liv, est han kji hadde Teikne me se heimatt. Hatt skar soleise taa henne Haarfletta o bæi Brjøste hennar o le ho so gaa.

Mann hennar gjekk vingla hit o dit i Ørsskun i lang Ti, ette han hadde vøre ute før desse Olykkun: langt um lengji kom han te ein Kungsgard o sette se Tenist der; han skulde vera Stalldrengen aat Kunga sjøl. Den Ti Kjeringe hass to te bli nokolein go atte, klædde ho se i Karmannsklæo o trefte so te koma vinglandis aat dei sama Kungsgaarde. Mann hennar kjende henne inkji, atte; men ho dro Kjensl paa hono, trast ho sette Auga paa han; ho gat inkji noko, men fekk han te tinge Tenist aat se i Kungsgarde. Ho hadde oversle gøtt før di o var flink o ferm i alle Maata, so dæ kji va lengji, før ho steig so ho vart nemmaste Kungen sjøl i heile hass Land o Rikji.

Den Børgaren, so no aatte baae dei glupe Gardadn, vart kaut o stolte, kann ein veta. Han slo støtt paa o held se mæ dei store; go Raa hadde han ogso; dæ traut hono kji korkji etand ell drikkand, korkji eit ell anna;