Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/19

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
11

høyrde, dei hadde vøre so snilla. Daa dæ lei paa Morgostunde, lykkja han Trinsekufta paa dei. „No ska de segja: „Fram, fram over Berg o Dal, over Viekjørr o Grøntopp te nemmaste Granna,“ sa han, „o ner de koma fram, sko de segja: „Der du vart lykija idag, ska du hengjast upp i Kveld!“ Dei so gjorde, o no foro dei over Berg o Dal, ifraa Blaane te Blaane. I Afdegningen komo dei te eit stort fælt Fjell. Der hadde dei taa se Trinsekufta o sa: „Der du vart lykkja i Dag, ska du hengjast upp ikveld!“; No for Trinsekufta tebakers sjølvo-se.

„Her banka e paa!“ sa Terna. „Nei, banke kji paa her, dæ æ so stygt her!“ sa Prinsessa. „Kem so vil inn?“ sporde Gjygere o stakk Nasin sin, so saag ut so ei Smiosleggje, ut igjøno Døragløtten. „Dæ æ den yngste Prinsessa o Terna hennar, vilje aat dei gjyllande Skoge,“ svara Terna. „O fy, dæ æ so langt i Nord, at ingjin dit sigla o ingjin dit ror!“ skreik Gjygere. So sporde Terna, um dei kunna faa Husvære der kvassaste Natte over. „Hus kunne de faa, men ner Mann kjem heimatt ikveld, vrir han Huvu taa dikka!“ svara ho. So tok Terna fram den Hempe-Ale, ho hadde, o ga henne te Linhatt. „O nei, o nei daa! no ha e vøre gjift i tvau hundre Aar, men alder slete Linhatt taa Hempe før!“ sa ho daa o vart so fæle, at ho ba dei inn, fagna dei væl o for fint mæ dei. „Ja han e nokk omogele illskjin o illsint, dene Mann min,“ o vrir Huvu taa kor Kristimanns Sjæl, han faar Tak i; men ette so de vøro so snilla, lyt e freiste gjøyme dikka ut i Kleva,“ sa ho o gjorde upp Lego aat dei der; men dei tørde kji korkji liggji ell sita: dei støndo, o ei laut vaka, ve hi søv. Ve