yngste Prinsessa o Terna hennar, vilje aat dei gyllande Skoge,“ svara Terna. „O fy, dæ æ so langt i Nord, at ingjin dit sigla, o ingjin dit ror!“: skreik Gjygere daa. Terna sporde daa um dei kunna faa Husvære der kvassaste Natte over. „Hus kunne de faa, men ner Mann kjem heimatt, so drep han dikka,“ sa Gjygere. Terna fann daa fram den Ale, ho hadde mæ Strie, o ga henne te Linhatt. „Onei, onei daa! no ha e vøre gjifte i hundre Aar, men alder slete Linhatt taa Strie før!“ sa ho o vart so sæle, at ho ba dei inn; fagna dei væl o for fint me dei. „Ja, han æ nokk noko braasinna taa se dene Mann min; men ette di de vøro so snilla, lyt e freiste gjøyme dikka ut i Kleva,“ sa ho o reidde upp Lego aat dei der. Men dei tørde kji korkji liggji ell sita: dei støndo, o den eine vakte, ve hi søv. Daa de lei paa Natt, kom Trølle heimatt. „Fy, dæ teva Kristimanns Tev her!“ skreik han o va so sint, at dæ tintra taa ho. „Ja, dæ kom ein Fuggel fljøgand mæ eit Kristimanns Bein o slepte nigjøno Peispipa; dermæ æ dæ væl taa di dæ teva,“ svara Gjygere. Um Morgon uppedaga ho dæ ve han, at dæ va kome ei Prinsesse o Terna hennar dit, vilde aat dei gjyllande Skoge. „O fy, dæ æ so langt i Nord, at ingjin dit sigla, o ingjin dit ror!“ skreik han ogso. „Dæ æ den Prinsessa, skulde hat Sutter-o-Sørg daa, kann e tru; men ho faar han alder; no ska han gjiftast mæ Gjygeren sjøl; dæ lagast alt te Bryllaups.“ „O jau, me ljøte hjølpe dei te me; dei gøvo me ei Ale mæ Strie te Linhatt, o no ha e vøre gjift i hundre Aar, men alder slete Linhatt taa Strie før. „Demæ lyt du laane dei Trinsekufta di du te nemmaste Granna,“ sa Gjygere. Ja, so vilde han dæ han mæ, den Ti han
Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/18
Utseende