Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/17

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
9

minka. Um Kvelden komo dei aat eit stort Tre i ein murk Skog. Det kløvo dei uppi. Prinsessa va so trøytt, at Terna laut halde ho i Armo seno, so ho fekk søva ei liti Ri. Men daa dæ lei paa Natt, flokkast dæ so mykji Graabein unde Tre’e, o dei ulte v grurte so fælt, at korkji Prinsessa ell Terna tørde leta dæ koma den minste Svevdn paa Auga. Hin Dagen vandra dei langt o endaa lenger, te Foten vart endaa saarar o Mote mindre. Daa dæ kveldast, komo dei inn i ein murk Skog. Der kløvo dei upp i eit høgt Tre. Prinsessa va so trøytt, at Terna laut halde ho i Armo seno, so ho fekk søva ei liti Ri; men daa da lei paa Natte, samlast dæ so mykji Bjødn unde Tre’e, o dei dansa der irunn o ikring; summe prøvde paa kløve uppi Tre’e ogso. Korkji Prinsessa ell Terna tørde so mykji so dørme eigong heile Natte. Trea Dagen vandra dei baade langt o lengji o eit Stykkji te. Um Kvelden komo dei inn i ein murk Skog. Der kløvo dei upp i eit høgt Tre; men trast so flokkast dæ so mykji Løvo unde Tre’e, o dei ulte o grurte, so dæ ljoma i Mørken: Prinsessa o Terna støndo skølvo so eit Lauvsbla.

Heile Dagen vanka dei baade hit o dit, te Foten vart saarar en saar, o Mote var mindre en lite. Dei tapte burt baade Stig o Vegalei o fønno kji ut att or Skoge. Prinsessa va so trøytt o sutesull, at ho va ve skull sige ihop; men Terna held ho, so ho kji fekk koma paa høge Bein.

Um Kvelden komo dei aat eit stort, fælt Fjell. „Ja, her banka e paa!“ sa Terna. „O nei, banke kji paa her, du ser, dæ æ so styggt her!“ sa Prinsessa. „Kem so vil inn?“ spurde Gjygere o stakk Nasin sin, so saag ut so ein Skohamar, ut igjøno Døragløtten. „Dæ æ den