Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/13

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
5

skull ha legji, o Bror min ligg i Ørmshaga førutta Sak o Brø.

So reiste ho atte daa.

Are Thorsda’skvelden kom Ønde atte o sette se i Peisen, o i di sama vart ho te ei sine Jomfrue, o no tytte Guten, ho va endaa finare en fyste Gonge. Ho to neatt Kamben o to te kjembe Haare sitt. So ho daa fann Tvøro daa, so pynta ho taa dei o sa so fyste Kvelden: „Gu’ velsigne Kokken, han esla me Tvøra han,“ sa ’o; „men tvyvørte dæ stygge, leie Trølle, so paa Kungens Arm ligge, der e skull ha legji, o Bror min ligg i Ørmshaga forutta Sak o Brø. No kjem e atte ein Thorsda’skveld te; men sia kjem e alder att meir.“

So reiste ho atte daa.

Men no høvde dæ so te, at Kungsson kom gangande um Kvednahuse, o so gjekk Guten ut te hono o fortelde ’o taa dessa fine Jomfrunn, so kom te ’o. Kungsson undrast, kem detta kunna vera, o laga se te o vart mæ Gute aat Kvednahuse, han hadde Hug te passe ho uppe. Den Ti dæ lei paa Kveld noko trea Thorsda’skvelden, kom Ønde flaskrand o fljøgand igjøno sama Sløke o sette se i Peisen te kjembe Haare sitt, skjele so fyste Gongidn. Kungsson vart all i Vere; ei so fine Jomfrue hadde han alder korkji set ell høyrt gjete. Den Ti ho fann Tvøro, pynta ho taa dei o sa: „Gu’ velsigne Kokken, han esla me Tvøra han,“ sa ’o, „men tvyvørte dæ stygge, leie Trølle, so paa Kungens Arm ligge, der e skull ha legji, o Bror min ligg i Ørmshaga førutta Sak o Brø.“

So reiste ho atte; men Kungsson hadde daa hugst se so mykji lell, at han hadde bøygt Sverde sitt atti Sløke, o daa ho skulde utatt, skar ho se i Veslefingen