Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/103

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
95

einaste dei koma paa: men dei synast dæ kji heve skjele aa segja, at Herodes den store gjorde Føre. Men han Jyggjer faar dæ te høve lell han. „Han hadde dei te kjøre Snjøpløgen, ner dæ va fælt Snjoføre“, svara han. „Du æ so ein Snjøplog, du. Nei, Herodes gjorde Førma–? Førmas–? No, Marit, ner du hengji „tils“ i ættre Endin paa „Førmas“, ko bli dæ daa?“ „Førmastils!“ „Dæ va bra, Marit. Førmastils! Daa Herodes sa, atte dæ dei skulde dræbe alle Drengebørn, so va over tvau Aar gamble, daa gjorde han Førmastils. Hvad er det, so kallast Førmastils? – Dæ æ mest kji ventand, de sko veta dæ; Førmastils dæ æ eit hart Ord, dæ; men vilja de høyre væl ette, ska e segja dikka dæ“. Han hosta o kremta o tæ soleine te Ords: „Ner du, Jyggjer, lægger ei Hærv mæ Tindadn upp o so klyv aav uppaa eit Hustak o stupa de ni Hærve, so gjere du Førmastils“. Ungadn gjera store Augo o tenkji, at Herodes laut vera ein harbalin Kar, ner han gjorde slekt. Skulemeistaren sviv o driv paa Gølve o ser se ikring mæ ei Mine, so seie: „Her æ Guten, so kann noko her“. „Kunne de no segja me, ko Herodes den store gjorde?“ „Førmastils“, syngja alle paa ei Gong. „O ko er det, so kallast so?“ „Ner ein legg ei Hærv me Tindadn upp o so klyv uppaa eit Hustak o stupa se te ni Hærve“, syngje dei i Munn paa inan. „Rigtigt, dæ va dæ, dæ va gøtt; de blia glupe no“, svara Læraren. „Slo han se kji ilt daa, daa?“ spør ein taa Smaaguto, so ha vaggla se paa Slabenkløke. „Kem?“ „Den Kungen so klauv aav uppaa Hustake o stufte se nie den Hærve, veit e“. Skulemeistaren ser paa han ei liti Ri o svara: „Dæ æ likast du tasla sta spør han, meina e“.