Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/94

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
34


Gofar aat dei Jigjere som me minnast, rei igjeno Rossbugen, kom de fram ein stor Jutul me eit Sylvstaup i Høndenn, han vilde skjenkje hono Jigjer. Men han Jigjer va ’ki so einføldig at han drakk; han tok imot Staupe aa skvette Drykken attover Oksle si aa rei me di i dragande Tan. Daa skreik Jutulen: „Einbein, tak han du!“ I di sama kom de fram ein Mann som hadde berre ein Fot, aa han hoppa aa skaut se rund umkring han Jigjer, so at han inki kunna koma derifraa, han rei berre ikring aa ikring. Men teslutte va de ein burte i ein Haug, som anti vilde hono Jigjer væl ell Jutule ille, han skreik: „Ri paa det ala aa inki paa de harde.“ Daa rei han Jigjer aav inn paa ein Rugaaker, aa paa den hadde ’ki Einbein Magt te aa koma. „Aa ja, so læt han hava de daa!“ skreik Jutulen burte i i ein Haug, „han ska ’ki seta væl taa di kor so va.“ Daa vart han Einbein burte, aa han Jigjer rei sin Veg me Staupe. Men dei ha ’ki hatt skile nokor go Lykke me se dei, som ha hatt Eigne over detta Staupe. De finnst enno, aa unde Botte paa di staar de noko underle Stempla som ingin ha kunna lese.“



Bergsormen.


Midt uppaa Bergsaase e de eit lite Tjedn. I desse Tjedne va de ein Orm, aa han hadde vøkse aa vorte so stor, at han fyllde heile Tjedne. Teslutte vart de so trongt, at han fekk ikki Rum. Daa kraup han upp aa rann neover Aasen. Han va so digar som ein gilde Timberstokk, aa Lengde hadde han derette. De va heirsle aa sjaa, koss han lekkja se neover Reinudn