Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/81

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
21

aste Ord, men no e de burtgløymt de meste, e ha ’ki høyrt meir en desse fire Veki;

„– aa tre’a Thorsdagskvelden
so ska mitt Bryllaup staa –
De gjere me so illt for hono gamle Far
som e alder meir faar sjaa.“

Daa han Thor høyrde detta, spratt han høgt i Vere, so sæl vart han. Han meinte han skulde frelse henne endaa. Nær Brufulgje rei te Kyrkje, vilde han leggje se attaat Vegi aa skjøte over Bru’e, so hadde dei ingi Magt me henne meir. Han rende daa einstrengt[1] heimatt aa ladde Byrsa si aa legg te Fjells att. Um Thorsdagskvelden, de va den tre’a ette Gjenta va inntaki, la’e han se paa ein Haug tett attaat Vegi, som gaar aat Klante. Daa de va kurrast Natt, saag han de kom eit Brufulgje ifraa Fjelle aa stemnde te aat Klante. So fint Brufulgje ha væl inki vore set korki fyrr ell si’a. Fere rei Spelemannen; Brulaattadn fløto or Felunn, Ljøe krulla aa kvervde se i Luftenn, so han Thor berre vart liggjand aa høyre paa Fela aa so nær hadde gløymt baade Byrsunn aa Bru’nn. Ette Spelemanne rei Bru’pare paa tvo svarte spræki Hesta, dei voro so høge, at Mune[2] flaksa uppi Skyidn, aa dei gingo skile so paa digt, at de va nettupp Skaalidn i Gullkrununn paa Huvu’e aat Bru’nn rørde se. Ette Brupare rei de eit Fulgje paa svarte Hesta, de va baade unge aa gamle, aa Gjentudn voro so fina aa so greskt klædda, at dei kunna gjedne vore Bru’e alla

  1. snøggt og i Eining.
  2. Maan.