Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/80

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
20

som hadde vore inn paa Kven’n. De va ogso ei Sauestrau[1] so stor, at de va likle; Ulle naadde ne i Jorde, aa Gjeitadn hoppa paa Steino, so de va noko te Dans aa sjaa paa. Haugakaren fortelde henne, at Garden hass va den største som fannst paa tolv Mil umkring. Daa dei komo aat Trame, lyfte han henne ne or Sale aa leidde henne inn. Ho vart væl mottaki taa Folki aat Gute, aa de vart aavtala, at Bryllaupe skulde staa trea Thorsdagskvelden derette. Dei skulde vigje hjaa Klantepreste.

Faren vart no ille ve, kann ein tenkje, daa han fekk Bo um, at Dotte hass hadde vorte burte. Han Thor uppe i Garde vart me hono te Støls, aa dei leitte aa hadde myki Folk me se te aa leite, men ingi Anne fønno dei. Ho Guro sa’e, dei skulde ’ki leite ette henne; hona va inntaki sa’e ho, aa de va ingi Raa før di. Faren laut gjeva se, men han tok se slik Sorg, taa di, at han vart reint klen. De va ’ki stort bære me hono Thor; han gikk der aa sveiv i Ørskunn, han vilde inki halde upp aa leite, før han heldt so taa henne. Men ho Guro hadde faatt tala te henne som allesnøggast ein Kveld ho va i Fjelle ette Sau’o, aa ho hadde be’e henne helse Far hennar aa hono Thor, at dei skulde inki syrgje; de sto væl te me henne. Men han Thor gikk der aa dreiv han; han vilde inki heimatt. Ein Kveld kasta han se ne paa ein Haug i Fjelle, aa Svevn rann paa han. Daa høyrde han de søng inne i Hauge, han kjende Maale hennar Anne; de va ’ki fleira en ho, som søng so fint. Han høyrde kort ei-

  1. Strau eller Strod tyder ei lang Rad.