Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/79

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
19

fortelja Æventy so de alder fekk Ende, aa ho Anne hadde ra’e vore so dan[1] ette Æventy; ho høyrde paa te ho sovna. Midt paa Nattenn vakna ho taa di, at ho høyrde Haugakaren kom ri’andis. Daa ho slo upp Augo, va Fatikjeringi burte, aa Karen sto framafør Sængenn. „Du ha vore hard imot me du,“ sa’e han, „e ha re’e rund umkring Sele i trjaa Næta aa inki kunna koma inn. Men no kjem e te de sidste Gaange aa no lyt du vera mæ me. Du ska ’ki vera rædd; fint ska du faa de aa godt ska du hava de so ingin kann hava de bære.“ De va ’ki ønnor Raa, ho Anne laut bli me; men de gjorde henne ’ki so reint illt endaa, for ho likte Karen godt, aa hadde han vore eit kristna Menneski, so hadde ho ingin heldan vilja hatt. Daa dei komo ut, sto de tvo svarte Hesta bøndne i Trøngarden. Den eine va de Kvendfolksa’l paa, aa den va so ny aa fin aa mjuk, at de va morosamt aa sita i hono, aa Sa’lknappadn glima i Myrki’e som Stjerno. Haugakaren tok ho Anne um Live aa lyfte hona upp i Salen, si’a svinga han se sjøl upp aa hin Hesten, aa so ri’o dei. De gikk fort men linnt aa lett, ho kunna ’ki skyne, at Hestadn rørde ve Jorde; de va skile som ho hadde sete i ei Huske, aa de snødde[2] løngt ikringo ho. Daa de lei um ei liti Ri, ri’o dei inn paa ein blaamaala Storgard. Budeigja lokka te Mednis, daa dei komo. Ein slik Bøling hadde ho Anne alder set; de va ei Ra so lang me berre brandutta Køllo, at Bjøllekyre va komi or synande, fyrr dei sidste voro komne or Garde, aa her saag ho att sama Uksin

  1. hugad paa, fus etter.
  2. soleides i Uppskrifti, løngt skulde væl vera lognt; sup, sno, um Luftdrag. Meiningi er „de gikk ei Lygne umkring ho.“