Den eine Klukka e berre harde Malmen, men den are har Sylv i se. Um dessa Klukkudn gaar de ei Segn.
Nær dei i gamal Ti hadde bygt se upp ei ny Kyrkje, so va de ingi grei Sak aa faa se Klukko. De va ingin i Lande so mæt, at han kunna støype dei, før dei hadde ’ki faatt Kønste endaa. Difør løto dei leige Støypara ne’alands ifraa me dyre Domo. No hadde dei i Hallingdal bygt se upp ei Kyrkje., men koss skulde dei væl bera se aat te Klukko? Nær dei endaa hadde ei, so fingo dei hjølpe se me di; dei fingo sjaa te aa stela se ei, dei visste se ’ki bere Raa. Trjaa Hallinga laga se daa te um Hausten aa reiste over Fjelle te Valdris aa vilde stela ei taa Slidreklukko. Midt paa Nattenn brøto dei se inn i Stupullen aa stølo eine Klukka. De gikk lett me aa faa ho ne aat Fjorde aa over, men upp igjeno dei bratte Bakkadn paa hino Si’unn gikk de seint aa traatt, aa dei saago, at dei kunna ’ki koma ut or Bygdenn fyrr Dagen rann; difør grovo dei Klukka ne uppi Aase i ein Brøte, som kallast Saltmannbrøtin. Daa detta va gjort baade fint aa væl, sette dei paa Heimvegen. De verste va no overstande; dei kunne reise ette Klukkunn nær dei vilde, aa dei hadde inki Bo aa forskunde se syntest dei. Men den Klukka som va att sakna Syste sino, aa so tok ho te aa ringje taa se sjølv. De va Nattars Ti’e, aa Folke i Prestgarde sovo; men Presten vakna taa Ringingenn, aa høyrde tydele, at Klukka søng so syrgjele aa ve’kjømele:
Syste mi ligg’e i Aasmosa
i Saltmannbrota –
Tjuvadn finne de
paa Dinglo.