Penkniven sin o stakk han i Veggen. „Svara før me du!“ sa han, o sjøl stelte han se baka Døre. Daa no dei elleve vøro overhøyrde, va han Lars att. Men paa fyste Sporna’en, han fekk, ga han Svar att, so de sat i dei. „Jau,“ tenkte Meistaradn, „du ska nok faa bli att her du Kar.“ O so leto dei alle hene gaa; men han Lars passa paa o snart[1] ut igjeno Døragløtten me dei. Daa Meistaradn saago te, va de ’ki anna en ein’ Penkniv, dei svalla ve. So vørto dei no harme, kann ein veta, o sette se te o mana han Lars att te se alle samne. Daa kjende han Lars, at de tok te dra i Haare hass. Men han va so go, at han fekk dei te o taka miste o dra i Haare paa Skreppunn hass. Um ei liti Ri va Skreppa haarlaus. Daa vart de for hardt før hono Lars, o de va ’ki an Raa, han laut sleppe Skreppunn, o soleine frelste han se. Men han miste manga taa Kønsto sene, som voro i Skreppunn. De e ’ki for di; han hadde nok att. De va ovandt før hono o truge Fan o Engladn hass te o gjera, ko han vilde, – plent soso han Peder Dass. De gaar den Seigne um han, at han hadde fordrygt se, ei Gaang han skulde gjera ei Reise, so att han ikki kunna koma te Tiars. So tok han te mana. Den Stygge kom. „Skaff me Skjuss!“ skreik han Peder. „Hasta de?“ sa Fan. „Ja,“ svara Peder. „Vil du ha ein, som ser som Gneistrin, ell ein, som fer som Nordavinden?“ – „Som Nordavinden,“ svara Peder Dass. So kom de fram ein svart Fant;, de va ein taa dei Djævelo, som tene unde sjølvo Stygge. Han Peder kasta se
- ↑ skunda seg, nøyta seg; snerte, snart snørto, snørte.