sama gjelder um e som Samansetningsvocal etter kj og gj, Ex. Ryggjitak, Kyrkjigard.
Det er komet inn nokre Mistak, som me serleg ljota beda Lesaren retta; Sida 33 Rad 13 og 14 ovan stend, Si’e, fyre Su’e (Su = Sida); Sida 34, Rad 16 ovan, han ska ’ki seta væl taa di, skal vera, han ska ’ki sita væl taa di; Sida 35 Rad 11 nedan, laag i Lego, fyre, laag baadnklen; Sida 37 Rad 11 nedan, vil e ’ki gjera uppatt, fyre, vil e gjera uppatt.
Ordtydingarne ero attvedsette av den som hever fyrestadet Utgjevingi og etter Upplysningar av Forteljaren um ymse Ord, som inkje ero aalgjengde.
Hallingsegnerna ero uppskrivna av Sander Rø’o, Eirik Sand, Guttorm Kaupang og Olav Solheim. Bryllaupsskikkidn i Aal og Bjødnen paa Smettbakstøle ero av Skulelærar H. S., han hever inkje sett meir en Fyrebokstavarne sine under. Eit Festarøl og ait Gravarøl hava fyrr stadet i „Samlinger til det norske Folks Sprog og Historie“ 4de og 5te B. Desse Stykki vaaro innsende fraa Soknarprest Caspar Hansen, og han hever medgjevet Vitnesmaal um, at dei ero skrivne av Hallingar. – Det er nokot Aatskil i Uttala millom Hole og Aal, med di at i Hole læter ei som ai og open o og javnan aa som ø; men i Aal læter det ei og rein o og aa; Ex. Hole, gødt, difør, kømin, kvørven, Børu; Aal, godt, difor, komin, kvorven, Baaru (Bylgja). I dei fyrre Søgnom stend jamt, difyr, tvaa, kaa; men det er rettare etter Uttala (i Hole) aa skriva, difør, tvo og ko. – Dativ av ho skal heita henna eller hena; ifraa Aal er uppgjevet baada henna og henne. Genitiv av dei heiter deires, daires i Aal og Hole; dairre skal høyra heime i Torpo. Nær (ner) og naar brukast ymist.
Av Segnom fraa Gudbrandsdalen og Gausdal hava „Brure fraa Ransverk“ og „Huldergarden paa Glombakka“ fyrr stadet i „Folkevennen;“ Forteljaren kallar seg Stein Fjellheim. „Jutulen i Holbergje“ er fortalt av O. Kjenslie, likaso i „Folkevennen.“ „Anne Kleppe,“ „Stasdakkjen“ og „Jutulen i Prestbergje“ hava stadet i „Dølen.“
- Februar 1871.