Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/3

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
Fyreord.

Den fyrste Luten av desse Segnom, „fraa Valdres,“ hever Samlaget fenget fraa Hr. Student H. Hande, som hever skrivet dei upp i si Heimbygd vestre Slidre. Samningi hans hadde alt voret ætlad til Utgjeving fyre nokre Aar sidan, men so høvde det so uheppeleg, at Forleggjaren til Boki vardt busliten; Trykkingi stadnade, og imedan kom det burt ein stor Lut av Uppskrifti. Samlaget vardt sidan Eigar av det, som var atter; men detta var for litet til ei serskild Bok, og me totte det var høvelegast aa lata det koma saman med nokra andra Segner me hadde liggjande. Det var ymist i Skrivemaaten som me vilde hava umbrøytt; men Uppskrivaren var inkje i Byen, so at me inkje hadde Heve til aa samraadast med honom. Etterat det alt var teket til med Trykkingi, fingo me vita, at han kunde faa uppatterskrivet det, som fyrr hadde komet burt; men daa detta kom fram, var det alt trykt try Ark – eit Stykki inn i Segnerna fraa Hallingdal; – og me saago inkje onnor Raad en aa setja det, som me sidst hadde fenget fraa Valdres, fyrst og merka Sidorna med romerske Tal. Det var ymse Avbrigde i Skrivemaaten, som Forteljaren inkje vilde samtykkja i, og difyre er det nokon Skilnad i detta Stykket millom Segnerna S. I–LV og S. 1–39. Skulde daa Valdresarne tykkja, at det er ymist, som inkje høver so grannt etter deira Uttala, so fær Samlaget taka Skuldi paa seg.

Um Uttala er det merkande, at k og g laata mjukt fyre i og y, Ex. kinne, Kyrkja, gift, gyne; men det er Undantak med Substantiva masc. paa ge og ke; i dei laata g og k altid hardt, som Omage, Omag’in, Bakke, Bakk’in, Hage, Hag’in. Nær k og g laata mjukt fyre e, er det skrivet kj og gj. – Open o læter javnast som ø: og al som æl, nær ein annan Consonant fylgjer etter l, som, Mælm, Hælm, Sælm, hælv, Kælv, hælt. Soleides ogso i Vang. – Infinitivendingen e læter som i etter kj og gj, Ex. tenkji tyggji, og det