Dagen fyrr Anne skulde misse Live, kom de ein
Skarprettar aat Vaagaa fraa Kristian. De va ein ung
vakker Kar, aa snill va hann au, so ingen kunde skyne,
korless han va vurte Skarprettar. Hann høyrde Folk
taalaa um denna Gjenta, kor vakker ho va, aa korless
ingen taa Skyldfolkom vilde sjaa te henna, for døm
tykte, de va ei stor Skamm, at slikt skulde hendast i
deres Slekt.
Saa gjekk da Skarprettaren dit, som Anne sat for aa freiste paa aa trøste henna. Ja trøste gjorde han nok paa beste Maate, men tes meir han trøsta henna, tes meir brende han se sjøl. Han saag nok for djupt i di vakre Augom henna, Stakkar! Da han gjekk ut att, va han reint som tulle.
Næste Dagen skulde da Straffe ske. Da Anne kom fram, ba ho um aa faa segja nokre Ord. De fekk ho Lov te aa tok til soless: „I de som e er forklaagaa for, er e reint oskuldog; e ha alder drepe Baane mitt. De føddest paa den einslæge Sæteren, men Live va utslukkje lengje fyrr de saag Ljose taa Dagje. Ve hass Namn aa for hass Andlet, som e no trast ska staa for, si e, at soless e de aa inkje anderlein, aa te Vitne paa de, be e no te Gud, at paa Aar aa Dag berette ska vekse fram paa mi Grav tri Tre: ein Hegg, ein Rogn aa eit Bringjebertre. Aa so be e døkk, dessom de bli so, um døkk vil flytja Kyrkjegardsmuren soless, at e fæ kvile i vigd Jord.“ Da ho hadde sagt detta, la ho viljugt sitt Hugu paa Blokken; men Skarprettaren sto der bleik som eit Lik aa va inkje go for aa komaa taa Flekkje. Anne ba honom um aa skunde se, men de hjaalp inkje. Tesist tvinga Vagte han, aa han