Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/192

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
132

støste Gardann paa Vaagaa. Ein taa dessa rike Knaapom der paa Kleppe hadde ei Dotter, som heitte Anne. Vakrare Gjente gjekk inkje paa heile Vaagaa, aa te aa laate paa Fela va ho so reint ska’go, at ho kunde setja[1] Folk paa Flekken, der døm sto, berre ho tok nokre Strauk paa Fela. Friare va de nok taa, maatta, sjaa ei slik vakker Gjente, aa rik va ho derte; men ho vilde lengje inkje veta taa nugun taa døm. Men so kom de ein, som ho nok tykte um, for trast ette spurdest de i Bygdenn, at de va reint visst me Anne Kleppe aa Thor. Men utover Vinteren døyde Thor.

Somaaren ette reiste Anne paa Sæteren, som ho hadde brukt fyrr, aa va der heile Somaaren like te Sjogen kom, da laut ho heim. Paa den Tie ho hadde vore i Sæteren va ho vurte so reint tungsinnt, at de va myki sjelda aa sjaa henna lægje.

Um Vinteren skulde Bror henna eingong aat Sæteren ette Høy. Da han ha lesst Lasse sitt aa va ferdog te aa reise, gjekk han lite utpaa Sæeterkve’e, for aa sjaa seg um. Der vart han var Beine taa eit Baanlik, som vel ein Rev ell Ulv hadde grave upp utu Sjogje. Ette han va komen heim aat Bygdenn, taalaa han um dette, aa da Spurlage kom for Øverheitens Øyra, vart de trast Staak. So blei Anne Kleppe sett fast, som ei, som skulde ha drepe Baane sitt, aa grave Like ne paa Sæterkve’en. Men alt døm gjorde for aa faa henna te aa staa te, hjaalp alder ein Grann. So vart ho dømd, aa Domen va soless, at Anne Kleppe skulde rettast. Da ho inkje vilde søkje Naae sjaa Kongen, hadde ho inkje naagaa meir aa vænte.

  1. setja Folk = klumsa, førtrolla.