Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/17

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
XIII

sette ette me Hug o Gaul. Daa treiv han Per Børsa si, som hekk ladd paa Veggi, o rymde undaa dei uppigjeno Bakkadn o vestover Aasen. Men Karadn skøto se paa Hesteryggen o re’o ette. Dei naadde hono ’ki att, før dei komo aat eit Fjellvatn, tvo Mil vest; dei kalle de Nestisvatne. Han Per kunna ’ki svemja; men han va ’ki raalaus. Midt uti Vatne ligg de ei Øyn. Daa Karadn voro komne tett innpaa han, steig han te o vadde ut paa Øyne. Han helt ikringo Børserøtten[1] o stakk Slumpen[2] so høgt i Vere, som han va go te, so at ’ki Fengikrute skulde bli vaatt; men endaa gikk Vatne over Huvu hass o radt uppunde Børselaase. Men no va han heldan ikki Kar te o aga se lenger. „No kunne de koma,“ sa han; „men den fyste, som kjem, skyt e ne.“ Daa syntist Karadn, de va best inki gjera hono noko.

Han Per Neste va jamt ute o ferdast. Byreisa um Veten, de.va visse Taksten. Men Følke, som budde ette Vegi, vørto tverre o meinbenka, o te nemmar ein kom Byen, te mindre godsle vørto dei, te meinsklignar va de o faa se Hus. Vissa va de Folke paa ein stor Gard langt ut paa Bygdo, som vøro storblaasigne o tverre. De va øfto han Per hadde be’e um o faa liggje paa Krakke kvassaste Natte over, men de vart nekka.

Jau ein Vet, han Per vilde paa Reisa atte, slagta han ein Føle, o salta Kjøte ne i ei Tynne; men Hesterova la han unde paa Tynnebøtten. Denna Kjøttynna tok han me se paa Bylasse. Som han kom te dessa

  1. Munningen.
  2. Byrsekolven.