Hopp til innhold

Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/16

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
XII

dit, kvakk ho se ho skølv. „U! der e Svære ette hono Truls Bror!“ sa ho, legg paa Døre, o burte va ho.

Daa han Per va komin heimatt fraa Tølvmilskoge, løvde han se sjøl, at han vist alder skulde gjeva se i Slagsmaal meir; han laut daa reint bli truga te di. Han va heldan ingi Meinsperre[1], men godsle o snill o umgaaast me, so dei løto skjele tirre han, før han vart ill.

Men no bar de so te, at de vart eit Bryllaup paa Granngarde. Han Per va alti be’in; men han va ’ki myki huga te o gaa, han skjønte, kost de vilde bera i Vegen. Men gikk han inki, so komo dei te segja, at han va rædd, o de va daa endaa verre. Han gikk daa lel, o de saag ut te, at de skulde vørte frele o fint te Enda, endaa de ’ki vart spara paa de, so sterkt va. Gokaradn tørde ’ki anna, en dei aga se, før han Per va no ’ki ty leike me, ress dei eggde han upp. Men tre’a Dagen vart de gale likevel. Alle dei sprækaste toko te fortelja taa, ko Ovverk dei hadde gjort i si Ti, o kor meinte me se, at han va beste Karen. Daa kom han Per Neste me seno Tobak, o daa vart alt hitt bere Smaagutgrei’o imot hass. Daa vørto Karadn augundsjuke o toko te preinast ve han. Men han Per tola ’ki, at dei friklast lengi me hono. Han reis upp o tok te dengje Gokaradn ne fere. Men de va før mange, o han saag, at skulde han verja se, laut de gaa so her, som de gikk paa Fystrokyrkjegarde. Han vilde naule koma i Uheppe øftar; difør bligga han se att o gikk heimatt. Jau no e han rædd, meinte Karadn, o

  1. ein som stødt vil gjera Mein, ein Meinkrok.