Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/131

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
71

sest, aa at dei ljøte hugse paa aa taka den me se paa Vegen, som kann gjera Samlive deires te eit lykkele aa vælsigna Liv; aa derette syngje dei ein Salmestubb. Nær dei koma ut aa sko stelle se te aa kjøyre or Garde te Kyrkjunn, tek Spelemannen te aa laate paa Fela, aa han læt heile Vegen. Paa Vegi te ell fraa Kyrkjunn e de eit godt Mark, um dei faa Brudøgg (nær de snjøga ell regna lite); men kjøyre ængon sund Reiskapen sinn i Ferdenn era dei umhuga[1], taa di de e eit illt Mark. E de eit nokoleine stort Gjestebo, so samlast de oftast te ei tjue aa tredve Hesta som sko vera me i Ferdenn. Nær dei fara te Kyrkjunn sko ein ell tvaa Hesta vera fyri, so kjem Brurahesten, aa derette ska Brugomen kjøyre, si’a skipe dei se ette korare som dei sjaalve vilja. Nær dei era komne aat Kyrkjunn, gaar Brugomen aa noko Menna me hono inn te Preste aa gjeva hono de han ska hava for Umaken sin; si’a gaa dei aat Kyrkjunn. Sume hava Brurasveina, som sko føre Bru’e fram aat Altare, aa ut or Kyrkjunn, nær ho e rei’ug. Nær dei kjøyre heimatt fraa Kyrkjunn, ska Bru’e aa Brugomen byte um, so at Brugomen kjøyre fyri Bru’nn. Paa Heimvegi e de baade Skjøting aa Skjenkjing, detta sidste koste Lausekaradn. Paa Vegi te Kyrkjunn, maa ingin skjøte; skyt ængon daa, so e de Mark paa, at han e sinna paa Bruraferde. Nær dei koma att aat Gjestebo’sgarde, sko dei inki kjøyre den sama Vegen inn i Garden som dei kjøyrde ut; men dei sko kjøyre rettsøles, som dei kalle de; Fyritalsmannen ska møte dei ute aa be’a dei vera

  1. betænkelige.