Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/130

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
70

Sending laga dei te noko taa korjo, sume baka Rjumebrø aa Lefsekling sume koke Dylle[1] aa Rjumegraut aa stundo Mjolkeprim. Dei i Gjestebo’sgarde faa soleis myki go Mat te se send, so ein kunna tru de vore bra aa halde Gjestebo ofto, men so e de nok inki, for de kjem so mange taa dei som sko eta ettepaa, at de gaar, de dei ha faatt, aa myki meir te.

I Gjestebos’garde sko dei hava noko Rei’ekjeringa te stelle Mate aa ei Reiekjering te pynte paa Bru’e. Ein Kar ljøte dei hava te styre me Brennevine aa ein me Øle; denne sidstnemnde kalle dei Kjellarmann, taa di Øle e i Kjellare, aa dit maa han ofto, fyrr han fær tømt alle Øltunnudn. So hava dei me ein Fyritalsmann, aa han e den gildaste, taa di han ska baade tala aa syngje for dei aa hava Grei’e paa ænkort anna me.

Den Dagen daa Gjestebo’e ska haldast, stelle Reiekjeringi Haarlage paa Bru’e noko tile, for ho ska vera rei’ug te Folke kjem. Nær Folke tek te aa koma, seta Bru’e aa Brugomen se ne paa Bordkrakken. Folke ska daa helse fysst paa Brurafolki aa so paa are som era inne; se’a bi dei førde burt i eit anna Hus aa der møte fysst Skjenkjaren me Butill aa Glas; taa hono faa dei ein Dram; so kjem Kjellarmannen me Ølskaalenn, aa so syrgje Fyritalsmannen for at dei koma te Bords, aa Rei’ekjeringadn for, at dei faa Mat. Nær daa alle era mette aa rei’uge te fara aat Kyrkjunn, sto dei samlast i Stugunn, der Brurafolki era. Fyritalsmannen ska halde ei Tale for Bru aa. Brugom, at de Sambande dei ha gjort no ska bi stad-

  1. av søt Mjølk aa Risengryn.