dei se’a, at dei hengje se upp ette Mate, um are, at dei søkkje se ne i Armoe aa um imse, at dei ljøte gaa den Vegen, taa di de e so laga. Men koss som e aa inki e, so bli de mange gifte; men fyrr me faa høyre gjete, koss dei fara aat, nær dei sko gifte se, e de væl best aa rø’a lite um, koss dei bi kjende me korare.
Som alle veta, e Naattefriing gjengst enno paa mange Stellu i Lande, aa de e nok so i Aal me. Fysste Gaangi dei sjaa korare e oftast ve Kyrkja ell i eit Lag ængorstane. Umagadn gaa oftast inki te Kyrkjunn for aa ly’e paa Presten, men helst for aa faa vise se fram ell faa Auga paa ængon, som dei like. E de daa ein Gut, som ha set ei fin Gjente ve Kyrkja ell ængorstane helles aa han lika hona so godt, at han vil fri te hena, so snugga han se rei’ug ein Kveld aa reise dit som Gjenta e. Um Sumaren liggje Gjentudn i Lofte, aa daa e de beste Høve te aa fri, taa di ho ligg eisemal daa; kjem de daa ein som „ropa paa“ aa som ho tykki godt um, so svara ho snart, aa e de daa inki noko Meinhøve[1] for Gjentunn, so læt ho snart upp for Gute, men ho lyt no te se lite byrg fysste Gaangi. Guten sigi inki noko um denne Gaangi, at han lika Gjenta, ell at han vil hava hona, men han svalla me hena, aa teslut kann han spyrja um han fær koma att ei a’n Gaang. No maa ’ki Gjenta svara ja for radt, for daa kunna Guten synast, at han hadde vunne hona for lett, aa difor vende Hugen fraa hena. Soleise bi dei daa kjende, aa denne Kjennskapen kann daa vara ei Ti, fyrr dei tala um aa gifte se me korare.
- ↑ Hindring.