Æra si. De va verre en i Krien. Ner Følk sto o gjætte paa med Handøvlo i Hendo, daa komo dei alder, o ner dei gjorde Mannegard ikringo Skogadn o vilde taka dei, so fønno dei ’ki Trølle; men gikk de ein o ein inni Skogen, kom han alder utatt. Stortjuven sjøl, som va over alle hene, eitte Truls. De va ein Husul[1] so stor o stygg, at ein kunna gaa ifraa Vete taa bere Fælke, ner ein saag han. O slek ei ovsterk Kjempe va han, at dei allebeste Karadn vøro bere som Smaaguta imot hono. Han hadde ei Syste, o ho va ’ki stort vænar. Ho kunna trølle, o ho hadde trølla over Svære hass Truls, so at kor Gaang de drogst or Slirenn, laut de springe Liv. Men de sat ogso so fast i, at ingin an en han Truls va Kar te o dra de or.
No vart de lyst over alle Lønd, at um nokon hadde gjort alder so gale, skulde han faa Naae o Heir o Ære attpaa, resso han kunna skaffe fram Huvue taa hono Truls. Mange hadde alt freista, men gange te inkis. Han Per va no slet ikki ræddar han en dei are. „E faar vel freiste e ogso, – de e ’ki større Farin ve,“ tenkte han Per. „Anti e læt Live mitt her ell der, so e de slekt Slag. O kor so va, de e alti bære o misse de før Svære hass Truls en før Rettarbilunn.“
Han tørde ’ki gaa breie Ølmannvegen; men han smaug se fram stoglei’is o fjellei’is um Natte. Um Dagen laag han mest gjøymd. Lykka va no, at de va Sumars Ti’e, so at ein kunna liggje ute, kor de treffte. Daa han hadde gange i tryaa Veko, kom han aat
- ↑ stor og sterk Kar.