Hopp til innhold

Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/10

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
VI

røke før hono Per ein o ein o tvo o tvo; de va dei inki bli’e før; taa di de ga eit klent Ord ikringo Bygde. Rett som de va, reso dei beint paa han Per alle ihop. I Fystningenn saag de ’ki hugnarsle ut før hono; men han tok se snart att. Ein tumla hit, hin tumla dit, – ein an ein tumla ne’aat, so han alder sto uppatt meir. Detta hadde ’ki han Per vilja; men i Sinne hadde han kome te o gjort Nevin før tung. No vart de Gaul o Jammer, o heile Hopen størma inn paa han Per o vilde taka han. Jau, ta Toreskimten me! I eit einaste Høpp sette han Per over Kongsvegen o baae Gotogardadn, o so te Sprangs aat Strøndenn te Baate seno. Han starta ’ki lengi før han fekk han paa Vatne, kasta se paa Tøfte, fata Aaridn o rodde i Motvinde beint imot Nestislande, so de føssa ikringo Baaten. Mange Baata me vaksne Kara sette ette hono, men han fekk større o større Undaamun. Daa dei vøro paa Nestissande, va han i Stogodørenn seno. Kjeringi hass kvakk alti, daa ho saag, han kom so illhervele; men ho fekk ’ki Stunde te aa jøye se. „Skunde de paa Stabure o før i Skreppa mi Neste, slekt som gaar; – e lyt nok strjøke paa Tølvmilskogen,“ sa han te Kjeringenn. Ho va ’ki sein te o gjera, som han ba ho. Han Per kasta no Skreppa paa Nakkin, ba Belleva med Kjeringenn me di snøggaste o kilte teskogs.

I dei Ti’enn va de ei fæl Røvarbørg paa Tølvmilskoge austve Lina. Dei stølo se inn i nemmaste Bygdadn um Natte, røva o drepo o toko me se alt dei vilde. Mangein Mann laut læta Live sitt i Hælvsvevne midt paa Nattenn i si eigje Stogo, i si eigje Seng, utme si eigje Kjering, o mangei Gjente miste