Side:Salmar og aandelege songar.djvu/8

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


5.
Tone: Vær nu glad og vel tilmode.

Send oss, Gud, din gode Ande,
Sign for oss ditt sannings ord!
Kveik ditt ljos og liv i landet,
Sank ditt folk kring naadens bord.
Mett vaar sjæl med livsens braud,
Læk vaar sorg og lindr vaar naud!
Lat oss liv og kraft mottaka,
Og din naades frukter smaka!

Livsens ljos for oss lat straala,
So me ser din kjærleik klaart,
Kristi bilet for oss maala
Livande i hjarta vaart!
Reins vaar sjæl i Jesu blod,
Giv vaart hjarta makt og mod!
Naar me skal i trengsel lida,
Maa du strida ved vaar sida!


6.
Tone: O Herre Krist, dig til os vend.

Vaar Gud, av naade rik og stor,
Send Anden med ditt guddomsord,
So det til hjarta trengjer inn,
Og liv og ljos i det me finn.