Side:Salmar og aandelege songar.djvu/7

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Til me heim skal fara
Og med dauden strider!
Kyrie eleison! (= Herre, miskunna oss.)

Du guddoms ljos, lys i vaart sinn,
Leid oss rett til Jesus Kristus inn,
So me maa med gleda
Oss til Jesus giva,
Fram med frimod treda
Og i naaden liva!
Kyrie eleison!

Du kjærleiks Ande, livsens vell,
Kveik i hjarto vaare kjærleiks eld,
So me vert med-brøder
Eitt i Kristus funne,
Og i hjarto gløder,
Kjærleg saman bundne!
Kyrie eleison!

Du høgste trøyst i trengsels tid,
Giv oss trøyst og mod i daudens strid,
So me fred maa firma,
Ei i sorg fortvila,
Yver fienden vinna,
Koma heim til kvila!
Kyrie eleison!

1. vers fraa millomalderen, dei andre av Martin Luther, (1483-1546), kyrkiereformator.