Side:Salmar og aandelege songar.djvu/9

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Lær oss i tru aa byggja fast
Paa Jesus Krist, um all ting brast,
Lær oss i kjærleik visa klaart
At Jesus bur i hjarta vaart.

Giv ved din Ande, Herre kjær,
At alltid meir me kjem deg nær,
Og i din kjennskap veksa maa,
Til me di aasyn klaart fær sjaa.

Etter Konrad Huber, (1507—1577), diakon i Straszburg.
7.
Tone: O Herre Krist, dig til os vend.

Aa Herre Krist, deg til oss vend,
Din Heilag Ande til oss send!
Giv liv og kraft i hjarta vaart,
Og vis oss sannings vegen klaart!

Til lov og pris lat upp vaar munn,
Saa livsens ord i hjartegrunn!
Og styrk vaar tru, styr vaart forstand,
So klaart ditt namn me kjenna kann!

Til me fær syngja med Guds her:
Du heilag, heilag, heilag er!
Og sæle ser di aasyn blid
I himmelljos til evig tid.