Side:Salmar og aandelege songar.djvu/47

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Men visst eg veit ein morgon renn,
Daa daudens natt skal enda.
Min likam upp or gravi stend,
Og evig frygd fær kjenna.

So hjelp oss du vaar Herre Krist,
Ditt blod for oss hev runne!
Din bitre daude sant og visst
Oss himmerik hev vunne.

Me takkar deg til evig tid,
Vaar Herre, alle samen,
For du er oss so mild og blid
I Jesus Kristus! Amen.

Etter ein gamal tysk song.

3. sundag i advent.

Tone: Kom, du folkefrelser sand.

Jesus, kom daa sjølv til meg,
Bu i hjarta ideleg!
Kom, min ven og Frelsar mild,
Einast deg eg elska vil!

Tusen gonger bed eg deg,
For du livet er for meg!
Tusen gonger ropar eg:
Jesus, Jesus, kom til meg!