Side:Salmar og aandelege songar.djvu/48

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Ingi lyst paa denne jord
Utan deg er verd eit ord.
Naar eg høyra kann di røyst,
Fær eg hjartefred og trøyst.

Tek dei all ting burt fraa meg,
Berre eg fær hava deg,
Daa er eg so glad og sæl,
Du er rikdom for mi sjæl.

Ingen annan let eg inn
I mitt hjarta, sjæl og sinn.
Aa so kom daa, Frelsar god,
Læk mi sorg. mitt saare mod!

No eg toleg venta vil,
Denne bøni legg eg til:
Herre Jesus, hjelp meg du,
Naar eg møter daudens gru!

Etter Johan Scheffler, (1624-1677), tysk lækjar.

Tone: Den lyse dag forgangen er.

Aa Herre Gud, med bøn og tru
Til deg me i striden oss vender,
Lat freden din i hjarta bu,
Du trøyst og trygd oss sender.
Herre, oss styrk i siste strid!